top of page
Over 50 år med oppdrett på Vestlandet
Blom Fiskeoppdrett AS er ei familieverksemd som no vert driven av andre og tredje generasjon. Blom Fiskeoppdrett AS vart stifta i 1971 av oppdrettsveteranen Andreas Blom; som var ein av pionerane innan oppdrett av laks og aure i Noreg.
Hovudkontoret er i Blomvågen i Øygarden kommune, vest i havgapet, utanfor Bergen. Selskapet disponerer 7 matfiskkonsesjonar for laks og aure, samt ein visningskonsesjon. Dette er spreitt ut på lokalitetar i Måløy, Radøy, Meland, Fensfjorden og Øygarden.
Me har også tre settefiskkonsesjonar gjennom selskapet Blom Settefisk AS.
I dag er det litt under 60 tilsette i konsernet. Frå Måløy i nord, til Skålvik i sør.
bottom of page